Prosjekt1905 - svensk-norske relasjoner i 200 år Universitetet i Oslo



      English
      Deutsch

      Kontakt:
      Prosjekt 1905






Den svenske modellen og det norske systemet. Tilhøvet mellom modernisering og identitetsdanning i Sverige og Noreg ved overgangen til det 20.hundreåret


Svein Ivar Angell
Samlaget, Oslo, 2002 (349 s)

Svein Ivar Angell er dr.art. i historie fra Universitetet i Bergen.

Boka tek for seg moderniseringsprosessane i Sverige og Noreg ved overgangen til det 20.hundreåret. Forfattaren viser korleis føresetnadene for moderniseringa var ulike i dei to landa, noko som gjenspegla seg i dei moderniseringspolitiske ordskifta. Medan utviklinga i Noreg vart sterkt prega av kulturell og politisk modernisering, vart økonomisk modernisering viktigare i svensk identitetsdanning. Med utgangspunkt i ulike moderniseringsteoriar drøftar forfattaren i kva grad desse prosessane reflekterte ulike former for rasjonalitet i Sverige og Noreg, og korleis dette har prega dei to samfunna gjennom det 20.hundreåret. (fra forlagets presentasjon)